Mads (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Mads
Eit utval personar med namnet Mads, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mads Wiel (dansk-norsk trelasthandler) (1643–1716)
- Mads Wiel (norsk trelasthandler) (1791–1835)
- Mads Ellef Langaard (1815–1891)
- Mads A. Winther (1871–1923)
- Mads Gaustad (1914–1999)
- Mads Stage (1922–2004)
- Mads Henry Andenæs (1940–2019)
- Mads Mikkelsen (1965)
- Mads Nygaard (1968)
- Mads Eriksen (tegneserieskaper) (1977)
- Mads Østberg (1987)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 438 menn i Noreg som hadde Mads som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Mads.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Mads og Mats (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes den danskpåverka stavemåten Mads (med opphav i Mattias) som fekk ein ny topp i 1980-åra. Døme på andre justerte namn med omtrent same kurveprofil er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius) og Mikkel (av Mikael).
Geografisk variasjon på 1800-talet

Mads var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.
Mads var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.