Ludvik er eit mannsnamn som er norsk stavemåte av Ludvig som går tilbake til gammalhøgtysk Hlut-wig. Forleddet tyder ‘høglydt; berømt’ og etterleddet ‘kamp’.
Namnet har fleire variantar: Ludvig, Ludvik, Ludwig.

Eit utval personar med namnet Ludvik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I 2022 var det 1 507 menn i Noreg som hadde Ludvik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 86 gutar som fekk namnet Ludvik.
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er Ludvig og Ludvik slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Ludvig og Ludvik gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Otto, Sivert og Wilhelm.
Ludvik var mest brukt i Sogn og Fjordane.
Ludvik var mest brukt i Sogn og Fjordane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.