Lasse er eit mannsnamn som er nordisk kjæleform av Lars.

Namnedag er 10. august. Lars og Lorents har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lasse

Eit utval personar med namnet Lasse, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 532 menn i Noreg som hadde Lasse som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 24 gutar som fekk namnet Lasse.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, men Lasse høyrer til ei lita gruppe av namna på -e som var ein del brukte tidleg på 1800-talet og som kom tilbake i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme på slike namn på -e med omtrent same kurveprofil er Børre og Endre.

Utvikling i bruk av namnet Lasse frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lasse frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lasse på 1800-talet.

Lasse var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lasse på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lasse var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Lasse
Historisk bruk av namnet Lasse
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hald, Kristian 1974: [Personnavne i Danmark. 2. Middelalderen]. Fællesforenings Håndbøger. København.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg