Faktaboks

Administrasjonssenter
Lærdalsøyri
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 160 (2024)
Landareal
1 275 km²
Høgaste fjell
Høgeloft (1921 moh.) på grensa til Hemsedal
Innbyggjarnamn
lærdøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4642 (frå 01.01.2020, tidlegare 1422)

Kommunevåpen

Kart: Lærdal kommune i Vestland
Lærdal kommune i Vestland fylke.
Kart: Lærdal kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Lærdal

Lærdal. Eldre trehusbusetnad i Lærdalsøyri. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Lærdal er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Lærdalsfjorden og med Lærdalen innanfor.

Lærdal grensar i aust til Innlandet og i søraust til Buskerud. I 1860 og 1864 vart Årdal og Borgund skilde ut frå Lærdal kommune. Hundre år seinare, i 1964, vart Borgund igjen ein del av Lærdal, saman med eit mindre område i Årdal. Det gjekk føre seg ei grenseregulering med Leikanger kommune i 1992, då Frønningen aust for Aurlandsfjorden vart overført til Lærdal.

Natur

Geologi

Frå Lærdalsøyri.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Berggrunnen i Lærdal består av gneis med overliggjande, sterkt omdanna kambrosiluriskskifer (fyllitt) og yngre skyvedekke. Skyvedekka tilhøyrer Jotundekket og finst i nordvest og søraust, med mindre område gneis og fyllitt imellom. Mellom anna finst Jotundekket i Lærdalen, som i den nedre delen er flat og vid, og i Horndalen sørover frå Erdal ved Lærdalsfjorden.

Fjella fell bratt mot dalane og fjorden, og fleire av sidedalane endar nærast i kløfter opp mot fjellet. Skyvedekka i søraust utgjer dei høgaste partia i kommunen, der Jukleegga på grensa mot Buskerud ragar 1920 meter over havet. Nedre del av Lærdalsdalføret har store marine lausavsetjingar.

Klima

Klimaet i Lærdal er tørt med ein årsnedbør på 400–500 millimeter. Kunstig vatning har derfor rike tradisjonar. 27. juli 2018 vart det målt 33,4 °C i Lærdal som var ny varmerekord i Sogn og Fjordane. Største mai-nedbør vart målt på Maristova i 2013 med 102,2 millimeter.

Busetjing

Folketal

1951 2455
1952 2304
1953 2281
1954 2275
1955 2284
1956 2417
1957 2405
1958 2391
1959 2384
1960 2349
1961 2328
1962 2323
1963 2279
1964 2258
1965 2216
1966 2192
1967 2156
1968 2175
1969 2161
1970 2152
1971 2144
1972 2238
1973 2290
1974 2332
1975 2328
1976 2223
1977 2161
1978 2182
1979 2220
1980 2203
1981 2223
1982 2235
1983 2240
1984 2243
1985 2245
1986 2263
1987 2249
1988 2208
1989 2268
1990 2172
1991 2205
1992 2222
1993 2232
1994 2251
1995 2251
1996 2261
1997 2250
1998 2224
1999 2218
2000 2202
2001 2201
2002 2178
2003 2180
2004 2169
2005 2158
2006 2155
2007 2153
2008 2169
2009 2199
2010 2199
2011 2224
2012 2205
2013 2176
2014 2174
2015 2146
2016 2172
2017 2159
2018 2153
2019 2151
2020 2126
2021 2129
2022 2117
2023 2129
2024 2160
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Dagens busetjing er konsentrert til munninga av Lærdalselva med administrasjonssenteret Lærdalsøyri. Tettstaden vart ramma av brann 19. januar 2014, då 40 bygningar mellom Gamleøyri og Kyrkja brann ned.

Folketalet i Lærdal nådde eit maksimum alt i 1855 med 3858 innbyggjarar. Deretter gjekk det tydeleg tilbake til rundt 1920, då folketalet var 2452 innbyggjarar. Sidan har folketalet vist svak nedgang, i perioden 2005 til 2015 med 0,6 prosent. I 2018 var det 2153 innbyggjarar i kommunen. Folketalet er forventa å minke fram til 2050.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Lærdalsøyri med 1154 innbyggjarar (2023). 53 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,0 km².

Kart over Lærdal kommune
Kart over Lærdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket i Lærdal er basert på husdyrbruk med hovudvekt på mjølkeproduksjon og sauehald. Kornarealet utgjer berre omtrent fem prosent av jordbruksarealet (1999). Det er ein del potet-, grønsaks- og frukt- og bærdyrking. Lærdal har over halvparten av fylkesarealet til poteter og grønsaker på friland.

Lærdalselva er kjent som ei god lakseelv. Kommunen har monaleg turisttrafikk. Industrien er beskjeden, med kun noko trevare- og næringsmiddelindustri.

Lærdal er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1360 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Borgund (i drift fra 1974), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Stuvane (1988) og Mork (2022). Østfold Energi er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Okken Kraft med om lag ein tiandedel.

Samferdsel

E16 Sandvika–Bergen går gjennom Lærdal. Vegen over Filefjell ned gjennom Lærdalen har vore ein av hovudferdselsvegane mellom Aust- og Vestlandet sidan sogetida. Framleis ser ein restar av dei gamle veganlegga, der den eldst er kløvvegen Sverrestigen. Kjent elles er køyrevegen gjennom Skaret ved Vindhella som begge ligg i nærleiken av Borgund stavkyrkje.

Ved Borlaug bru (Borlo) øvst i dalen held fram E16 over Filefjell til Valdres, medan Riksveg 52 tek av over Hemsedal til Gol. På den nye E16 går tolv av dei 40 kilometrane med veg på Filefjell i tunnel. Lærdalstunnelen på E16 til Aurland er den lengste vegtunnelen i verda.

Det er vegsamband til Årdal på riksveg 5/53 og til Sogndal over ferjestaden Fodnes til Mannheller på Riksveg 5 med vegsamband vidare til dei ytre delane av fylket.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Lærdal sjukehus ligg utanfor tettbygde strok. Ein filial av Årdal vidaregåande skule med hjelpepleiarutdanning ligg i tilknyting til sjukehuset.

Lærdal høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådetSogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Luster, Sogndal, Vik og Årdal.

Lærdal kommune svarer til soknet Lærdal i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Lærdal til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Lærdal

For statistiske formål er Lærdal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman tolv grunnkrinsar: Hegg, Berge, Husum, Rikheim, Ljøsne, Tønjum, Hauge, Lærdalsøyri, Erdal/Bergmål/Luggenes, Store Hånosi/Gravadalen, Bjordalen/Vestbotn og Frønning.

Historikk og kultur

Lærdalsøyri.

Lærdalsøyri hadde i eldre tid stor betydning som marknadsplass og kommunikasjonssentrum.

Lærdalsøyri.
Lisens: CC BY SA 3.0

Borgund stavkyrkje frå 1150 er den best bevarte stavkyrkja i Noreg, og besøkssenteret ved stavkyrkja opna i 2005. Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Vindhellavegen, med opptil tolv meter høge steinmurar.

I Lærdalsøyri er det ein stor del eldre og verdifull busetnad, med eit av Noregs best bevarte trehusområde. Lærdalsøyri hadde i eldre tid stor betydning som marknadsplass og kommunikasjonssentrum. Eit større område av Lærdalsøyri, med nær 170 gamle trebygningar, er verna. 18. januar 2014 starta det å brenne i trehusa i Lærdalsøyri. Kraftig vind gjorde at brannen spreidde seg i raskt sentrum og gjorde store øydeleggingar i løpet av natta. 41 bygningar, av desse 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Ingen menneske omkom. Eit freda hus og fleire verneverdige vart totaløydelagd, men dei fleste av dei verna husa vart berga frå flammane. Riksantikvaren kalla likevel brannen ei tragedie for norsk kulturarv.

I sentrum, like ved Lærdalselvi, ligg Norsk Villakssenter, som mellom anna fortel om tradisjonane rundt laksefisket. Godset Frønningen er ein av dei største skogeigedommane i Vestlandet. Godset har bygdetun og kunstgalleri med verk av Knut Rumohr. Mellom Frønningen og Lærdal ligg Bleia-Storebotnen landskapsvernområde som inngår i fjordlandskapsområdet som UNESCO har gitt status som verdsarv.

Jotunheimen Rundt frå 1991 er blant dei lengste sykkelritta i Noreg på 430 kilometer. Rittet går årleg mellom Lærdal–Sogndal via Valdresflya og Sognefjellet. I 2016 sykla 548 deltakarar over dei tre fjellovergangane i rittet.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet, som vart godkjent i 1987, har to skråstilte drakehovud i gull mot ein raud bakgrunn. Motivet er henta frå taket på Borgund stavkyrkje.

Namn

Namnet kjem av norrøntLæradalr, truleg av eit bortkommet elvenamn, Lærr.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Espe, Alfred med flere: Lærdal bygdebok, 1987-, fem bind.
  • Laberg, Jon: Lærdal og Borgund : bygd og ætter, 1938.
  • Lindstrøm, Claus: Mellom øst og vest: eldre bygninger i Lærdal, 2002.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg