Klaus Sletten var ein norsk journalist og politikar. Han var med på å stifte Bondeungdomslaget i Oslo i 1899, var ein ivrig målmann, og var medlem av forsvarskommisjonen frå 1920.
Klaus Sletten
Faktaboks
- Fødd
- 5. mars 1877, Høyland, Sandnes
- Død
- 4. april 1946, Stavanger
- Verke
- Bladmann, organisasjonsmann, politikar og målmann
- Familie
-
Foreldre: Kyrkjesongar Johannes Ingebrigtsen Sletten (1835–1892) og Dorthea Marthine Kristoffersdatter Ruus (1842–1922).
Gift 19.8.1905 i Kristiania med Margit Bruun (17.6.1875–29.1.1958), dotter til folkehøgskolestyrar, seinare sokneprest Christopher Bruun (1839–1920) og Kari Skar (1851–1924).
Far til Vegard Sletten (1907–1984); bror til Jakob Hveding Sletten (1872–1936).
Bakgrunn
Sletten var fødd i Høyland utanfor Stavanger. Faren var kyrkjesongar, og i 1882 reiste familien attende til heimstaden hans i Lindås ved Bergen. Klaus kom tidleg med i ungdomslaget, der han synte gode talegaver og vart formann. På eit stevne i Lofthus i 1895 valde han veg: Han ville «arbeide for å reisa ungdommen i reinare rekkjor». Etter fleire innlegg i Den 17de Mai vart han journalist i avisa i 1897–1916.
Ungdomslag
Sletten engasjerte seg sterkt i ungdomsarbeid. Han var oppteken av at «bylivet hev so lite aa bjoda bondeungdomen, mange vantrivst og lengtar attende til heimbygdi [...] dei treng samfeste». Saman med fire andre tok han initiativ til å starta Bondeungdomslaget i Kristiania 15. oktober 1899. Med små avbrekk, mellom anna for ein vinter på Askov folkehøgskole i Danmark, var han formann og styrte Bondeungdomslaget i 15 år. Han var òg ei av drivkreftene for kaffistove-institusjonen med «billeg mat, heimleg stell og vern mot skjenkestove- og varietélivet».
Sletten var sterkt prega av tankane til folkehøgskolemannen Christopher Bruun. Sletten gifte seg med dotter til Bruun, Margit Bruun, som vart den første nestleiaren i Bondeungdomslaget.
Sletten var formann i Noregs Ungdomslag i 1902–1906 (fungerande formann frå 1901) og skrivar (dagleg leiar) i 1906–1912. Kona Margit var kassestyrar same stad i 1901–1912.
Blad- og avisarbeid
Sletten gav ut ungdomsbladet Symra i 1902–1904 og var ein av bladstyrarane i Norsk barneblad i 1907–1916. I 1916–1917 var Sletten bladstyrar for Olsok i Trondheim og i 1917–1920 for Møre Tidend i Ålesund. I 1923 kom han til Stavanger Aftenblad som politisk medarbeidar og var der til han gjekk av for aldersgrensa i 1943. I 1928–1932 vikarierte han som redaktør medan Lars Oftedal var stortingsmann og statsråd.
Anna engasjement
I mange år dreiv Sletten Norsk Maalkontor. Han var ein sterk talsmann for nynorsk messe i kyrkja og for å byggja ei kyrkje for bondeungdom i Oslo, og han kjempa varmt for nynorsk teater. I 1913–1916 var han sekretær i Norges Forsvarsforening, og han var medlem av den store forsvarskommisjonen frå 1920.
Sletten brukte mykje tid på dei arbeidslause i Stavanger. Etter kvart vart køane av arbeidssøkande ungdom som stod i trappene til Stavanger Aftenblad til hinder for arbeidet, og dei vart nekta å koma om formiddagen. Då forlenga Sletten arbeidsdagen og sat utover kveldane og tok imot folk.
Han var med i Stavanger bystyre (1929–1940), skolestyre, arbeidsløysenemnd og priskontroll, og han tok initiativ til Stavanger Skoglag og Stavanger Hageselskap. Under andre verdskrigen skreiv han ei bok om Christopher Bruun og ei om den frilyndte ungdomsrørsla, Då dagen rann, som begge kom ut etter at han døydde i 1946.
Utgjevingar
- Oms. Sogor fraa millomalderen, 1908
- Dyrk jord!, 1914
- Jordspørsmaalet, Ålesund 1919
- utg. C. Bruun: Menneskesonen (sm.m. M. B. Sletten), 1946
- Christoffer Bruun. Folkelæraren – stridsmannen, (posthumt) 1949
- Då dagen rann. Frå Wergeland til dei frilyndte ungdomslaga, (posthumt) 1952
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- S. Eskeland og M. Hægstad i Bondeungdomslaget i Oslo. 30-årsskrift, 1929
- Hvem er hvem 1938
- O. Midttun: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 14, 1962
- A. Aadnøy: Avisen og menneskene – Stavanger Aftenblad 100 år, 1993
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.