Faktaboks

Jonathan Coe
Uttale

kou

Fødd
19. august 1961, Bromsgrove, England
Jonathan Coe
Jonathan Coe
Av /𝒲.
Lisens: CC BY 2.0

Jonathan Coe er ein britisk forfatter. Han er særleg kjend for romanar som gjennom sarkasme, presise observasjonar og forsonande humor framstiller vesentlege samfunnstrekk ved det samtidige Storbritannia.

Biografi

Jonathan Coe vart fødd i Worcestershire og gjekk på Kind Edward's School, Birmingham. Han studerte ved Trinity College, Cambridge. Seinare underviste han ved University of Warwick der han tok doktorgraden i engelsk litteratur. Coe har sidan 1990-talet vore fulltids forfattar. Han har ei sterk intersse for musikk, som spelar ei rolle i fleire av bøkene hans.

Romanar

Etter debutromanen The Accidental Woman (1987) har Coe skrive ei rekke romanar som har gjort han populær for mange britiske lesarar i ulike samfunnslag. Den første romanen som er omsett til norsk, Lønn som fortjent (1994), er ein politisk satire over Storbritannia under Margaret Tatcher på 1980-talet. Satiren er sentrert rundt Winshaw-familien, som blir rikare og meir brutal år for år.

I Søvnens hus (1997) skriv Coe innsiktsfullt om korleis søvn og søvnproblem påverkar relasjonane mellom ei gruppe studentar som deler eit hus. For denne vittige og kritiske, men også forsonande romanen mottok Coe Prix Médics Étranger i 1998. Rotters' Club (2001), som vann Everyman Wodehouse Prize, er ein oppvekstroman om Benjamin Trotter. Saman med tre vener i Birmingham midt på 1970-talet opplever Benjamin streikar, politisk radikalisering, rock, forelskelse, frustrasjonar og håp. Rotters' Club er ein komisk roman med ein alvorleg og samfunnskritisk undertone som kritikarar har kopla til romanar av Nick Hornby og William Boyd.

Seinare romanar

Middle England, som fekk Costa Novel Award i 2019, gir ei treffande framstilling av frustrasjonane til mange britar under og etter Brexit. Samtidig som dei komiske trekka ved denne romanen knyter an til Rotters' Club, viser Middle England framover mot Bournville (2022). Her knyter Coe handlinga til ein familie i Bournville, som er ein forstad til Birmingham. Frå utgangspunktet – at familien feirar Storbritannias siger over Nazi-Tyskland i 1945 – drar Coe liner bakover og framover i tid. Ved å følgje familien gjennom fleire generasjonar skildrar han samfunnsendringar, personanes sosiale relasjonar og kjensler inkludert krigsnostalgi, fotball, Brexit, koronapandemien og nasjonale myter. Coe framstiller aspekt ved britisk identitet og identitetskrise ved å kombinere humor og empati.

Mellom desse to romanane publiserte Coe i 2021 Mr Wilder and Me. Tittelen viser til hovudpersonen, ei ung kvinne som reiser til ei gresk øy der ho arbeider for, og får eit forhold til, filmregissøren Wilder. Coe utviklar forholdet mellom desse svært ulike personane ved å la kvinna delta i Wilders utforsking av den mørke fortida si. Coes førebels siste roman, The Proof of My Innocence (2024), presenterer morosam politisk satire gjennom eit mordmysterium.

Påverknad og aktualitet

Coe er ein bestseljande forfattar som har påverka og påverkar romanforfattarar både i Storbritannia og internasjonalt. Aktualiteten hans er blitt ytterlegare forsterka gjennom dei seinare romanane frå Middle England og framover.

Coe har også skrive biografiar om filmskodespelarane Humphrey Bogart og James Stewart. Saman med den italienske illustratøren Chiara Coccorese utga han i 2017 The Broken Mirror, ein fabel for barn.

Omsetjingar til norsk

What a Carve Up! (1994). Lønn som fortjent. Omsett av Toril Hanssen. Oslo: Pax, 2000.

The House of Sleep (1997). Søvnens hus. Omsett av Ingrid Haug. Oslo:Pax, 1998.

The Rotters' Club (2001). Rotters' Club. Omsett av Toril Hanssen. Oslo: Pax, 2002.

Andre romanar

The Accidental Woman (1987)

A Touch of Love (1989)

Dwarves of Death (1990)

The Closed Circle (2004)

The Rain Before It Falls (2007)

The Terrible Privacy of Maxwell Sim (2014)

Expo 58 (2014)

The Broken Mirror: A Fable. Med Chiara Coccorese (2017)

Middle England (2018)

Mr Wilder and Me (2021)

Bournville (2022)

The Proof of My Innocence (2024)

Biografiar

Humphrey Bogart: Take It and Like It (1991)

James Stewart: Leading Man (1994)

Litteratur

Alexander, Michael (2013). A Short History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave Macmillan.

Marcus, Laura og Peter Nicholls (red. 2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.

Mengel, Ewald (2022). "Brexit from the Campus: Jonathan Coe's Middle England". West-Cultural Passage 22, s. 154-174.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg