Jon Norstog
Faktaboks
- Fødd
- 15. oktober 1877, Høydalsmo, Vest-Telemark, Noreg
- Død
- 23. november 1942, Watford City, McKenzie County, Nord-Dakota, USA
- Levetidskommentar
- Dødsstaden er staden der han er gravlagd.
Bakgrunn
Pressearbeid
I Amerika arbeidde Norstog først på garden til ein slektning, men byrja snart å skrive i ei norsk-amerikansk avis. I 1903 starta han sitt eige vesle nynorske blad og kalla det Dølen – tidsskrift paa norsk maal. Bladet kom ut med berre få nummer i 1903/04, før det måtte gå inn. Ei stund arbeidde han som lærar, men han heldt fram med å skrive.
Forfattarskap
Til saman gav Norstog ut 25 bøker, fire av dei kom ut i Noreg. Han skreiv i tillegg enkle forteljingar og dikt, men også skodespel med utgangspunkt i Det gamle testamentet.
Han gav mellom anna ut romanane Haakon Sollid (1906) og Ørnerud (1907). I 1912 kom Kain, det første av ei rekkje bibelske versdrama, som alle er ordrike og prega av Norstogs biletskapande evne. Truleg inspirert av Ole Edvart Rølvaag gav han i perioden 1928–1931 ut den store trebinds romanen Exodus. Den einaste av bøkene hans som fekk ein vid lesarkrets, var diktsamlinga Tone (1913 og 1920).
Norstog hadde problem med å finne forleggjar til bøkene sine, men løyste det ved å kjøpe si eiga presse, der han trykte og batt bøkene sjølv. Så reiste han omkring på prærien og selde bøkene. Slik fekk han namnet «Gåta på prærien».
Politisk engasjement
Norstog var kulturpolitisk svært konservativ. Han meinte at det var den gamle norrøne kulturen som var den einaste ekte norske kulturen, og han skreiv difor på forelda nynorsk. Politisk var han meir radikal. I slutten av trettiåra sympatiserte han med demokratane, og gjennom avisskriving hjelpte han til med å få ein norskætta guvernør i Nord-Dakota.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Sunde, A. (1987): «Jon Norstog – telemarking, norskdomsforkjempar, bladmann og diktar i det norske Amerika», Telemark Historie 1987
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.