Faktaboks

Jim Svenøy
Fødd
22. april 1972, Fræna, Møre og Romsdal
Jim Svenøy
Jim Svenøy under OL i Atlanta i 1996.
Jim Svenøy
Av /NTB.

Jim Svenøy er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som konkurrerte innan mellomdistanselaup, hinderlaup og langdistanselaup.

Han representerte Sportsklubben Vidar i Oslo, Fræna FIK og Elnesvågen IL.

Karriere

Svenøy tok EM-bronse på 3000 meter hinder i Budapest i 1998. Han var OL-deltakar i Atlanta i 1996 der han kom på åttandeplass, i Sydney i 2000 der han kom på niandeplass og i Athen i 2004.

Han var VM-deltakar i Stuttgart i 1993, i Göteborg i 1995 der han nådde semifinalen, i Athen i 1997 der han kom på sjuandeplass, i Sevilla i 1999 og i Edmonton i 2001.

I alt vann Svenøy 14 senior-NM titlar på 3000 meter hinder (12), 1500 meter (1) og 5000 meter (1) i perioden 1992 til 2004. Han fekk Kongepokal i 1997.

Svenøy sette ny norsk rekord i 1997 på 3000 meter hinder med tida 8.12,05.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg