Jane er eit kvinnenamn som kan vere samantrekt norsk form av Johane (variant av Johanne). Namnet kan også vere engelsk form av gammalfransk Je(h)anne (sjå også Johanna).
Jane (kvinnenamn)
Personar med namnet Jane
Kulturell bruk
- Charlottes Brontës roman «Jane Eyre» (1847).
Kjende personar med namnet Jane
Eit utval personar med namnet Jane, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Jane Seymour (1509–1537)
- Jane Grey (1537–1554)
- Jane Austen (1775–1817)
- Jane Addams (1860–1935)
- Jane Mykle (1916–1995)
- Jane Wyman (1917–2007)
- Jane Goodall (1934)
- Jane Fonda (1937)
- Jane Birkin (1946–2023)
- Jane Campion (1954)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 398 kvinner i Noreg som hadde Jane som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste to stava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Jane, med topp 1960-64, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke. Namnet kan også ha engelsk uttale med éi staving, men det gode samsvaret med kurveprofilen til tostava namn på -e indikerer at Jane oftast har vore uttalt med to stavingar. Jane er i følgje med Tarzan i jungelen, og populariteten for Jane kan ha samanheng med bøker og filmar om Tarzan.
Utvikling i bruk av namnet Jane frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.