Ingeborg er eit kvinnenamn som kan karakteriserast som eit parallellnamn på -borg til Ingebjørg. Forleddet er gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘berging’.
Ingeborg (kvinnenamn)
Personar med namnet Ingeborg
Kulturell bruk
- Ingeborg i Esaias Tegnérs «Frithiofs saga» (1825).
Kjende personar med namnet Ingeborg
Eit utval personar med namnet Ingeborg, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Caroline Ingeborg Halvorsen (1853–1926)
- Ingeborg Møller (1878–1964)
- Ingeborg Refling Hagen (1895–1989)
- Ingeborg Kindem (1914–1995)
- Ingeborg Bachmann (1926–1973)
- Ingeborg Sølvberg (1943)
- Ingeborg Rasmussen (1960)
- Grete Ingeborg Nykkelmo (1961)
- Ingeborg Synøve Midttømme (1961)
- Ingeborg Arvola (1974)
- Ingeborg Gillebo (1983)
- Ingeborg Olsdatter (–1650)
Namnestatistikk
I 2022 var det 6 726 kvinner i Noreg som hadde Ingeborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 63 jenter som fekk namnet Ingeborg.
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Jorunn, Tordis og Svanhild. Ingeborg – saman med Gun(n)hild – skil seg klart frå desse namna ved at dei var på topp tidleg på 1800-talet. Da låg Ingeborg som nummer 2 på ranglista (1800–1804). Deretter gjekk det nedover med Ingeborg.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Ingeborg var mest brukt i Telemark, Aust-Agder og Sør-Trøndelag.
Ingeborg var mest brukt i Telemark, Aust-Agder og Sør-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ingebor.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Johannessen, Ole-Jørgen 2004: [Anne] og [Maren]. [Ingeborg] og [Berit]. Bergenske kvinnenavn på 1600-tallet i et sammenliknende perspektiv. [Nordica Bergensia 30].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.