Igor er eit mannsnamn som er russisk form av det nordiske Yngvar. Den ukrainske er Ihor og den belarusiske Ihar.

Andre eksempel på nordiske namn som fekk austslavisk form ved kontakt mellom austslavarar og nordbuarar, er Olga, Oleg, Gleb og Rurik.

Utvikling i bruk av namnet Igor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Igor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Personar med namnet Igor

Kulturell bruk

  • Igor er hovudperson i Igor-kvadet, eit sentralt verk i østslavisk mellomalderlitteratur (ca. 1200).
  • «Fyrst Igor», ufullenda opera av Aleksandr Borodin.

Kjende personar med namnet Igor

Eit utval personar med namnet Igor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2024 var det 765 menn i Noreg som hadde Igor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. Tilsvarande heitte 559 menn Ihor, medan åtte menn heitte Ihar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg