Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo er eit idrettslag frå Oslo som vart stifta i 1913. Det driv med friidrett og ski (langrenn), tidlegare òg fotball, orientering og andre skigreiner.
I friidrett har BUL vunne eliteklassen i Holmenkollstafetten 24 gonger for menn og 6 gonger for kvinner. I langrenn har BUL vunne 9 stafett-NM for menn og 3 for kvinner, og i orientering 6 stafett-NM både for menn og kvinner.
BUL var ein av dei aller største pionerane innan fotball for kvinner i Noreg. Dei spelte den aller første kampen mellom to norske kvinnelag, mot Amazon Grimstad i juli 1970.
Mellom 1971 og 1977 vart det arrangert uoffisielle cupmeisterskapar for kvinner, og BUL vann fire av dei (1973–1976). BUL sin kaptein i denne perioden, Målfrid Kuvås, har ofte vorte kalla «mora til kvinnefotballen». Kuvås vart tildelt NFFs gullmerke i 2002.
IL i BUL vann òg det første offisielle NM for kvinner i 1978, då dei slo Trondheims/Ørn etter straffekonkurranse. Mellom 1978 og og 1983 var BUL det beste norske kvinnelaget, og vann fem av seks NM i perioden.
BUL var den fyrste klubben i Noregs idrettsforbund som tok opp idrett for psykisk utviklingshemma. BUL er også kjend for å gjennomføra årleg det såkalla ASICS Sentrumsløpet i Oslo.
Det finst en tilsvarande BUL-organisasjon i Tromsø, der det drives med idrettar som friidrett og orientering, medan andre delar av landet, som til dømes Bergen ungdomslag Ervingen driver med tradisjonelle kulturaktivitetar, men ikkje idrett.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.