Faktaboks

Hvalfjörður
Uttale

kv-

Glymur
Islands nest høgaste fossefall Glymur.
Glymur
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Hvalfjörður er ein fjord på sørvestkysten av Island, litt nord for Reykjavik, mellom Mosfellsbær og Akranes. Fjorden er 30 kilometer lang og 5 kilometer på det breiaste.

Hvalfjörður munnar ut i havbukten Faxaflói, og var under andre verdskrigen alliert flåtebase. Området er i dag kjent for sin tidlegare kvalfangststasjon.

Hvalfjörður kommune (Hvalfjarðarsveit) omfattar landet innover fjordbotnen og landet på nordsida av fjorden. Kommunen har ei flatevidd på 481 km2 og 727 innbyggarar (2024).

Omtrent midt på nordsida av fjorden ligg Grundartangi, ei av dei største hamnene på Island, der det finst både eit jernverk og eit aluminiumsmelteverk.

Islands djupaste tunnel, Hvalfjarðargöngin, går under fjorden. Den er nesten 5,8 km lang og når eit djup på 165 m.

Området er kjent for flott turterreng i vulkanske lagdelte bergarter, fiske, zeolitt-mineraliseringar og ikkje minst fossen Glymur. Han var lenge meint å vere Islands høgaste foss. Morsárfoss ved isbreen Vatnajökull har synt seg å ha eit fall på 228 meter, og er dermed høgare.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg