Hundorp er ein tettstad i Sør-Fron kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 597 innbyggjarar (2023).
Hundorp er administrasjonssenter i Sør-Fron kommune, og ligg i Gudbrandsdalen, 67 km nord for Lillehammer.
Garden Hundorp sør for tettstaden er kjend som Dale-Gudbrands gard. Her skjedde ifølgje sagaene oppgjeret mellom Dale-Gudbrand og Olav den heilage i 1021, då kongen anten overtalte eller tvinga Dale-Gudbrand til å la seg kristne. Garden var seinare sorenskrivargard og deretter folkehøgskule. I dag rommar han hotell og utstillingslokale.
Det finst fleire gravhaugar i nærleiken. Bautasteinar er reiste over Olav den heilage, Dale-Gudbrand og Håkon Torefostre.
Sør-Fron kyrkje (òg kalla «Gudbrandsdalsdomen») er ei åttekanta steinkyrkje i Louis-seize-stil som vart vigsla i 1792 og restaurert i 1956.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.