Hermann er eit toledda tysk mannsnamn: Her-mann. Forleddet tyder ‘hær’ og etterleddet ‘mann’.
Hermann (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Hermann
Eit utval personar med namnet Hermann, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- August Hermann Francke (1663–1727)
- Hermann Heinrich Gossen (1810–1858)
- Hermann von Fehling (1811–1885)
- Hermann Helmholtz (1821–1894)
- Hermann Ebbinghaus (1850–1909)
- Hermann Hesse (1877–1962)
- Hermann Boehm (1884–1972)
- Hermann Broch (1886–1951)
- Hermann Göring (1893–1946)
- Hermann Bongard (1921–1998)
- Hermann Maier (1972)
- Hermann Sabado (1982)
Namnestatistikk
I 2022 var det 684 menn i Noreg som hadde Hermann som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 gutar som fekk namnet Hermann.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Hermann og Herman slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Hermann gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm. For stavemåten Hermann, som er i samsvar med tysk skriveskikk, kan det i motsetning til Herman berre påvisast eit svakt oppsving rundt år 2000.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Hermann var mest brukt i Bergen.
Hermann var mest brukt i Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Herman og Hermand.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.