Harald Damsleth var ein norsk teiknar, illustratør og grafikar. Under den andre verdskrigen teikna han frimerke, emblem, plakatar og anna propagandamateriell for Nasjonal Samling (NS) og den tyske okkupasjonsmakta. Damsleth var sjølv medlem av NS.
Harald Damsleth
Faktaboks
- Fødd
- 16. august 1906, Bremen, Tyskland
- Død
- 1. mars 1971, Oslo
- Verke
- Reklameteiknar og illustratør
- Familie
-
Foreldre: Ingeniør Olaf Martinius Damsleth (1878–1957) og Katharina Elise Foss (1878–1917).
Gift 12.9.1935 med Liselotte Frida Friedemann (18.8.1915–21.5.1995), dotter av direktør Paul Friedemann (1878–1963) og Frida Schauer (1879–1933).

Harald Damsleth. Propagandaplakat for å få folk til å verve seg til Waffen-SS og Den Norske Legion og krigsteneste på Austfronten i 1941. Plakaten blei laga i tre storleikar og trykt i eit opplag på 100 000.
Bakgrunn

Harald Damsleth. Katalogomslag til Håndverks- og Industriutstillingen i Oslo 1938.
Damsleth blei fødd i Tyskland som son av ei tysk kvinne og ein norsk far. Mora døydde tidleg, og guten voks opp i Noreg. Etter examen artium i 1925 byrja han på arkitektstudiet ved NTH i Trondheim, men helseproblem som han pådrog seg under praksistida i Frankrike, gjorde at han avbraut studiet.
I 1929–1931 studerte han teikning og illustrasjon under professor H. Bengen ved Städtische Kunstgewerbeschule i Berlin.
Karriere

Harald Damsleth. Reklame for Hjemmet. 1931.
Damsleth arbeidde både frilans og som tilsett hos reklamebyråa Høydahl Ohme (1931–1933) og Myres Annonsebyrå (1935–1938). I 1933 reiste han til USA for å arbeide og studere der. I løpet av opphaldet vitja han mellom anna Chicago og Hollywood, der prøveteikna for Walt Disney. Då han i 1939 fekk tilbod frå Disney om å arbeide for han, i samband med eit nytt besøk i USA, takka han nei av omsyn til familien. Same året tok han over reklamebyråa Myres og Herolden saman med barndomsvennen Per Sandberg.
I 1930-åra arbeidde han seg fram til ein posisjon mellom dei fremste reklameteiknarane i Noreg. I denne perioden teikna han ei mengd reklamar for tobakksvarer og toalettartiklar, både som småannonsar og som heilsides fargeannonsar i vekeblada. Han laga plakatar for øl, reiseliv og utstillingar og vann prisar for desse. Mest kjend er vinnarplakaten for den store næringslivsutstillinga “Vi Kan” i Oslo 1938.
Populære vekeblad og spesialiserte magasin gav han etter kvart i oppdrag å også teikne framsider for dei. For Aschehoug forlag teikna han ei rekkje bokomslag, serleg til utanlandske spennings- og tidtrøytebøker. Til forlaget Damm gav han nærast eit nytt ansikt i 1930-åra med sine mange stilsikre bidrag, mellom anna ei mengd framsider til forteljingsbøker for gutar og jenter. Mange av Damms populære jule- og postkort var også utforma av Damsleth. Eitt av desse blei likevel trekt tilbake av utgjevaren, då Damsleth hadde teikna inn ein NS-vimpel på nissens båt.
Damsleth hadde også oppdrag med å utforme fleire store utstillingar. På verdsutstillinga i New York i 1939 laga han dekorasjonar for Noregs paviljong. Tidleg i krigsåra var han hovudansvarleg for utforminga av vandreutstillinga Hålogaland (1941) og den nasjonale utstillinga Nordmannafolket i Oslo.
Propagandaplakatar for NS
Damsleth hadde laga framsider til Fedrelandslagets publikasjonar kring 1930 og var medlem av partiet Nasjonal Samling alt frå 1933. Herolden var ein samlingsstad for personar med nasjonalsosialistiske sympatiar, og under Sandbergs administrative og Damsleths kunstnarlege leiing fekk dei ei rekkje oppdrag frå NS. Frå oktober 1940 fekk dei einerett på statsannonsar. Damsleth blei den leiande utformaren av NS-propagandaplakatar og laga rundt 200 stykke.
Sidan både dei norske og dei tyske nasjonalsosialistane nytta store ressursar til propaganda, ikkje minst i form av plakatar som blei spreidde til ei mengd offentlege stader, blei Damsleths visuelle stil og uttrykk kjend og hugsa i alle delar av landet. Damsleth gav også form til fleire statlege emblem og logoar under krigen, og med få unntak var dei norske frimerka som kom ut i denne perioden, teikna av han. I 1942, då dei nazistiske styresmaktene skipa Kulturtinget, blei Damsleth utvald til å sitje i dette. På same tid forma han ut 35 norske frimerkeutgivingar.
Glansbilete og postkort
Damsleth var ikkje berre propagandateiknar. I løpet av sin svært produktive yrkeskarriere illustrerte han alt frå post- og gratulasjonskort, glansbilete, vekebladframsider, annonsar og emballasje. Mange av dei mest kjende og folkekjære glansbiletmotiva er teikna av han.
Teiknestil
I førkrigsperioden la Damsleth stor vekt på stil og komposisjon. Serleg nytta han seg av diagonal symmetri, grotesk skrift, svimlande perspektiv og nærbilde av ansikt. Hans viktigaste særtrekk var likevel figurutforminga, med personar teikna i dagslys med eit sterkt sidelys, slik at dei framstod med markante skuggar i eit slag kamé-liknande halvrelieff. Damsleth sine sentrale figurar eit eige ansiktsuttrykk, der dei anten tindra av indre iver og forventing eller halvt drøymande skjulte sine tankar og forestillingar bak senka augnelok.
Damsleth la mindre vekt på motar og modernitet i krigsperioden, mindre vekt på dristig komposisjon, men heller meir vekt på tyngd, autoritet, roleg komposisjon, symbolske og teatralske oppstillingar. Han teikna framleis figurativt, gjerne i klare fargar og med vakre og velbygde personar i hovudrollene. I ei rekkje av plakatmotiva blir knytt sambandet mellom det nye, nazistiske Noreg og vikingtida, der hjelmar, sverd og skjold er tilbakevendande element. Hans idealpersonar er lett attkjennelege med sitt nesten karikerte ariske utsjånad – blonde, blåøyde og med faste, kanta hakeparti. Ei estetisering og idealisering både av soldatar og landsens folk går gjennom heile krigsproduksjonen til Damsleth.
I teikningar frå etterkrigstida var figurane hans framleis lette å kjenne att, men komposisjonen var ofte lausare, og motiva liknar meir stillbilde frå spenningsfilmar. Innslaga av vald, destruksjon og uhygge er meir påfallande enn i tidlegare periodar.
Krigsoppgjeret
Ved krigsoppgjeret etter frigjeringa i 1945 blei Damsleth dømd til fem års straffarbeid, men sona berre to år. Han fekk ein del reklameoppdrag i det stille, med hjelp frå eigaren av Myres Reklamebyrå. Han fekk då ikkje nytte sin gamle signatur – bokstaven “d” eller namnet “damsleth”, men nytta ei kort pil som peika på skrå oppover eller bokstavane “th”. Mot slutten av 1940-åra hadde han ei rekkje mindre teikneoppdrag for kunstforlaget Børrehaug & Remen.
Utover i første halvdel av 1950-åra teikna han ei mengd bokomslag for religiøse forlag og for dei forlaga som gav ut billige spenningsbøker for sal i kiosk. Han laga òg dekorasjonar for vindaugsutstillingar og forretningslokale i Oslo. I dei seinare åra av sitt liv hadde Damsleth planar om å stå fram som fri kunstmalar, men nådde ikkje realisere denne draumen.
Verk
Bøker og bokillustrasjonar
- Navneboken, 1933
- C. G. Starbäck: Historiske romaner I–IV, 1935
- S. S. Amundsen: Eventyrreisa, Geografisk leseverk for folkeskolen, bd. 1, 1941
- medarb. i Norske Røster. Inntrykk fra Tyskland, 1942
- The superinvisible monster as visioned through a burning eye and deliberately insulted by exposing its inhuman feature in ten drastic pictures of life and death. Text and drawings, 1945
- Per og Lise på landet, ca. 1949
- Norge, vikingenes land, 1960
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- E. Økland: Damsleth: han teikna for Norge, 2008
- «Tegneren Harald Damsleth», i Reklameforeningens fagblad nr. 3/1934
- H. Damsleth: Norge, vikingenes land, 1960
- O. Melsom: Fra kirke- og kulturkampen under okkupasjonen, 1980
- H. F. Dahl m.fl.: Den norske nasjonalsosialismen, 1982
- A. Evang: biografi i Norsk kunstnerleksikon, bd. 1, 1982
- T. B. Jensen og H. F. Dahl: Parti og plakat. NS 1933–45, 1988
- P. W. Schulze: «Harald Damsleth», i Postkortet nr. 2/1993
Faktaboks
- KulturNav-ID
- 4d1886d1-6f89-4412-bf00-835045e42487
- Historisk befolkingsregister-ID
- pc00000002050360
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.