Hallgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hall-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘spyd’.
Hallgeir (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Hallgeir
Eit utval personar med namnet Hallgeir, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Hallgeir Brenden (1929)
- Hallgeir Langeland (1955)
- Hallgeir Pedersen (1973)
Namnestatistikk
I 2022 var det 920 menn i Noreg som hadde Hallgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Ei stor gruppe samansette nordiske namn hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1970, til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn. Kurveprofilen til Hallgeir avvik mykje frå dei andre kurveprofilane på den måten at namnet fekk eit kraftig løft på 1950-talet. Grunnen til dette var at Hallgeir Brenden (1929–2007) tok OL-gull i langrenn både i 1952 og 1956.
Utvikling i bruk av namnet Hallgeir frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.