Hafslo er ein tettstad i Luster kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1129 innbyggjarar (2023).
Hafslo ligg i områda omkring Hafslovatnet og det langstrekte Veitastrondvatnet opp til Høgste Breakulen på Jostedalsbreen. Hafslo var tidlegare eigen kommune, som i tillegg bestod av sokna Fet og Joranger i nordaust og vart i 1963 saman med Jostedal del av Luster kommune.
Hafslo kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1878. Tidlegare har det stått ei stavkyrkje frå mellomalderen på same stad.
Den lågareliggjande delen av Hafslo blir rekna mellom dei beste jordbruksområda i Sogn. I tillegg til jordbruk blir det òg drive skogbruk. Sogn Skisenter ligg på Heggmyrane og det er fotballbane på Moane.
Hafslo vidaregåande skule, seinare Luster vidaregåande skule, vart nedlagt i 2014. Skulen vart etablert i Hafslo 1958 under namnet Hafslo husstellfagskule, skifta så namn til Hafslo vidaregåande skule og frå 1998 Luster vidaregåande skule.
Namnet kjem av hafs, flo sjø eller hav, og lo, engslette. Namnet kan med det tolkast som eng som stig opp frå havet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.