Haaken er eit mannsnamn. Det er ein variant av Håkon som går tilbake til det norrøne Hákon med omdiskutert opphav. Den vanlegaste tolkinga er at forleddet Hå- tyder ‘høg’, men det kan også tyde ‘hest’. Etterleddet -kon går enten tilbake til norrønt kyn som tyder ‘slekt’ eller til konr som tyder ‘ætling, son’.
Haaken (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Haaken
Eit utval personar med namnet Haaken, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Haaken Christian Mathiesen (1827–1913)
- Haaken Larpent Mathiesen (1858–1930)
- Haaken Hasberg Gran (1870–1955)
- Haaken Christensen (1924–2008)
- Haaken Severin Mathiesen (1926–1997)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Haaken som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.