Guido er eit mannsnamn som er italiensk form av det franske Guy som kjem av gammalhøgtysk Wido/Wito som er kortformer av samansette namn med dette forleddet. Tydinga er ‘skog’ – jamfør norrønt viðr med denne tydinga.
Guido (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Guido
Eit utval personar med namnet Guido, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Guido fra Arezzo (990–1050)
- Guido fra Lusignan (1150–1194)
- Guido Guinizelli (1235–1276)
- Guido Reni (1575–1642)
- Guido Gozzano (1883–1916)
- Guido Schjølberg (1886–1976)
- Guido Piovene (1907–1974)
- Guido Westerwelle (1961–2016)
- Guido Cavalcanti
- Guido da Siena
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Guido som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.