Gottfred er eit mannsnamn som går tilbake til det tyske Gott-fried. Forleddet tyder ‘Gud’ og etterleddet ‘fred’.
Gottfred (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Gottfred
Eit utval personar med namnet Gottfred, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Gottfred Matthison-Hansen (1832–1909)
- Francis Gottfred Harbitz (1867–1950)
- Gottfred Eickhoff (1902–1982)
- Leif Gottfred Nordstrand (1908–2004)
- Gottfred Pedersen (1911–1941)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 menn (fødde i Noreg) som hadde Gottfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Gottfred var mest brukt i Buskerud og Vest-Agder.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Gottfred på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Gottfred var mest brukt i Buskerud og Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Godtfred.)
Historisk bruk av namnet Gottfred
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.