Fjols til fjells er ein norsk film frå 1957 av Edith Carlmar. Forvekslingskomedien høyrer til dei største suksessane i norsk filmhistorie. Svart-kvitt-filmen finn stad på eit høgfjellshotell styrt av portieren Poppe. Han vert spelt av Leif Juster. Sentral er òg Unni Bernhoft som pikkoloen Rudolf. Det er sistnemnde som syng slageren «Kom til fjells». Både tilsette og gjester spring omkring dei i eit ellevilt virvar. Fjols til fjells har vore påskeinnslag på NRK TV mange gonger.
Fjols til fjells

Handling


Snøen ligg idyllisk rundt Hurumhei høgfjellshotell, der fokuset på festivitas og kjendiseri er vel så høgt. Tidleg kjem dotter til hotelldirektøren, Ruth, på hemmeleg inspeksjon. Forkledd som pikkoloen Rudolf søkjer ho å hjelpe Poppe med drifta. Ein populær gjest er den sjarmerande og landskjende Teddy Winter. Han viser seg å ha ein dobbeltgjengar i den meir introverte ornitologen. Kaoset veks og kjenslene er mange. Det står att å sjå kven som endar opp med kven.
Om filmen
Fjols til fjells er Edith Carlmars største suksess og var den mest sette norske filmen i 1950-åra. Han er tufta på lystspelet Bare jatt me'n, som Leif Juster hadde gjort med suksess på Edderkoppen Teater i Oslo. Vidare er Fjols til fjells debutfilmen til Liv Ullmann, som hadde ei lita rolle. I 2020 fekk filmen ein oppfølgjar med same namn.
Lengde: 1 time og 36 minutt
Eit utval medverkande
- Regi: Edith Carlmar
- Produksjon og manus: Otto Carlmar (Manuset er fritt etter Bare jatt me'n. Lystspelet er av William Ross, Bias Bernhoft og Sverre Bævre, tilrettelagt av Gösta Stevens.)
- Foto: Sverre Bergli
- Musikk: Maj Sønstevold og Gunnar Sønstevold
- Leif Juster som Poppe
- Unni Bernhoft som Ruth Granberg, det meste av filmen forkledd som Rudolf
- Frank Robert som to hotellgjester: skodespelaren Teddy Winter og ornitologen
- Anne Lise Christiansen som hotellgjest: skodespelaren Eva Sommer
- Anne Lise Wang som hotellgjest: mannekengen Mona Miller
- Willie Hoel som hotellgjest: doktor Grå
- Nanna Stenersen som stovejenta Lalla Thorsen
- Einar Sissener som hotelldirektør Granberg
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
- IMDb.com: Detaljert rolleliste med meir
- Det Norske Akademis ordbok: hurlumhei (Merk at høgfjellshotellet heiter Hurumhei utan bokstaven L. Fleire kjelder feilstavar namnet.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.