Faktaboks

Administrasjonssenter
Dale i Sunnfjord
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 869 (2024)
Landareal
390 km²
Høgaste fjell
Skredfjellet (812 moh.)
Innbyggjarnamn
fjalerbu, dalsfjording
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4646 (frå 01.01.2020, tidlegare 1429)

Kommunevåpenet til Fjaler har to sølv hvelvingsbroer mot rød bakgrunn.

Kart: Fjaler kommune i Vestland
Fjaler kommune i Vestland fylke.
Kart: Fjaler kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Fjaler

Utsikt over administrasjonssenteret Dale.

Av /KF-arkiv ※.

Fjaler er ein kommune i Vestland fylke. Fjaler omfattar områda på sørsida av Dalsfjordens ytre og midtre del, områda langs Flekke-/Guddalsvassdraget og Vassdalen søraust for administrasjonssenteret Dale.

I ei grenseregulering med Askvoll og Gaular kommunar i 1990 blei Askvoll sitt område sør for Dalsfjorden overført til Fjaler, og Fjaler sitt område nord for Dalsfjorden til Askvoll og eit område aust for Dale, Hestad, blei overført frå Fjaler til Gaular. Fram til 1912 heitte kommunen Ytre Holmedal.

Natur

Høgaste fjell i kommunen er Styggeheia mellom Vassdalen og Guddalen på 799 meter over havet. På sørsida av Dalsfjorden består berggrunnen av gneis, som stadvis er gjennombroten av kaledonske djupbergartar (gabbro, til dels òg serpentin). Fjella er her 600–800 meter høge med avrunda former og for det meste skogkledde lier.

Busetjing

Folketal

1951 3859
1952 3825
1953 3847
1954 3872
1955 3868
1956 3903
1957 3866
1958 3854
1959 3835
1960 3861
1961 3834
1962 3781
1963 3846
1964 3833
1965 3830
1966 3756
1967 3802
1968 3785
1969 3746
1970 3674
1971 3570
1972 3555
1973 3508
1974 3477
1975 3448
1976 3421
1977 3389
1978 3399
1979 3381
1980 3351
1981 3406
1982 3397
1983 3414
1984 3385
1985 3408
1986 3390
1987 3352
1988 3368
1989 3321
1990 2927
1991 2895
1992 2887
1993 2883
1994 2906
1995 2915
1996 3006
1997 3047
1998 3032
1999 2993
2000 2964
2001 2936
2002 2935
2003 2927
2004 2910
2005 2916
2006 2881
2007 2870
2008 2849
2009 2838
2010 2846
2011 2909
2012 2832
2013 2871
2014 2853
2015 2823
2016 2830
2017 2862
2018 2846
2019 2770
2020 2802
2021 2885
2022 2901
2023 2913
2024 2869
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetjinga er jamt fordelt langs Dalsfjorden og i Flekke/Guddalen og dessutan Vassdalen ovanfor Dale. Det er likevel klare konsentrasjonar i og omkring Dale og Flekke. Administrasjonssenter er Dale.

Det er forventa svakt stigande folketal i kommunen fram til 2050.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Fjaler. Tettstadene er til saman 1,3 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Dale 1 231 43 % 1,2 km²
Flekke 310 11 % 0,1 km²
Sum 1 541 54 % 1,3 km²

* Andelen av innbyggjarane i Fjaler kommune som bur i tettstaden.

Kart over Fjaler kommune
Kart over Fjaler kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Primærnæringar sysselset tre prosent av arbeidstakarane i kommunen (2019). Jordbruket er konsentrert om husdyrbruk med hovudvekt på sauehald og mjølkeproduksjon. Fiskeoppdrett er viktig, og fleire anlegg ligg i vestre del av kommunen, mellom anna i Gjølanger på sørsida av Dalsfjorden og i Fure i ytre Dalsfjorden.

Industrien har ni prosent av dei sysselsette i kommunen (2019).

Fjaler har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei åtte vasskraftverka i kommunen produserer til saman 58,5 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hålandsfoss (i drift fra 1955), som står for om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen. Andre viktige kraftverk er Sagevikelv (2004) og Brekkefossen (2018). Eviny Fornybar er hovudeigar av om lag ein tredjedel av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Sagevikelv Kraft med om lag ein fjerdedel.

Lutelandet vindpark på Korssundet fekk konsesjon i 2012 og opna i oktober 2022 med kapasitet 55 megawatt (MW).

Samferdsel

Fylkesveg 57 går gjennom Fjaler austover langs sørsida av Dalsfjorden til Sande i Gaular og sørover til Hyllestad i Ytre Sogn. Frå Flekke går fylkesveg 607 til dei ytre delane av kommunen. Dalsfjordbrua er ei veibru over Dalsfjorden som ein del av Dalsfjordsambandet på fylkesveg 609, som opna 14. desember 2013. Frå Fure lengst vest i Fjaler går ferje til Atløy, Askvoll, Værlandet og Bulandet.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Fjaler høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Askvoll, Hyllestad og Solund.

Fjaler kommune svarer til soknet Fjaler i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Fjaler til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Fjaler

For statistiske formål er Fjaler kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 14 grunnkretser: Flekke/Espedal, Hovlandsdal, Guddal/Heggheim, Øvre Vassdalen, Nedre Vassdalen, Bjerga/Bortheim/Jarstad, Dale/Sletteland, Sagevik/Yksnebjør, Fure, Folkestad, Våge, Lone, Gjølanger og Tyssedal.

Historikk og kultur

Dale kyrkje.

Dale kyrkje.

Fjaler er kjent frå historia gjennom den første utvandringa (landnåmstida) til Island i 874. Den første landnåmsmannen Ingolv Arnesson kom frå Rivedal på nordsida av Dalsfjorden (i noverande Askvoll kommune). Her er det reist eit monument til minne om han. På Tysse ligg embetsmannsgarden Lillingstonheimen, med ein vakker parkliknande kyrkjegard, Fredensborg, som vart laga til av sorenskrivar Nils Landmark.

Kommunen har to langkyrkjer i tre: Dale kyrkje, bygd i 1864 og Guddal kyrkje, bygd i 1686, påbygd 1870 og restaurert 1970. Diktaren Jakob Sande var fødd og voks opp i kommunen, og barndomsheimen hans, Klokkargarden, har ope om sommaren. I Dale står òg eit minnesmerke over Sande.

Fjaler har ein sterk skuletradisjon, frå Nikka Vonens pikeskole (1861–97) fram til United World College, som opna i 1995. I Flekke ligg Røde Kors Nordisk United World College (UWC), som er bygd i tilknyting til Røde Kors sitt opptrenings- og rehabiliteringssenter Hauglandsenteret. Skulen er eit nordisk fellesprosjekt mellom Noreg, Sverige og Danmark. Nordisk Kunstnarsenter ligg på Dalsåsen.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) har to kvelvingsbruer i sølv mot raud bakgrunn. Dette viser til «Den Trondhjemske postveg» og bruene langs han.

Namn

Kommunen heitte før 1912 Ytre Holmedal. Holmedal er eit gammalt namn på landskapet som utgjer sørvestre del av Sunnfjord (Gaular, Fjaler og Askvoll). Fjaler er fleirtal av norrønt fjǫl, 'fjel, brett', her i tydinga 'rand, kant', kanskje opphavleg knytt til det åtte kilometer lange Helleberget, som går stupbratt ned i Dalsfjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bakke, David Olsen: Fjaler i gamle dagar, 1948.
  • Fagerheim, Ragnvald: Fjaler gjennom 1000 år, 1977.
  • Fagerheim, Ragnvald og Magne Fagerheim: Fjaler : gards- og ættesoge, 1976, tre bind.
  • Losnegård, Gaute: Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet, 1999.
  • Ness, Atle: Fjaler : gards- og ættesoge, andre utgave, 2003, to bind. (videreføring av Ragnvald og Magne Fagerheims trebindsverk fra 1976).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg