Firdaposten er ei norsk lokalavis for Kinn og Bremanger, som kjem ut i Florø kvar torsdag i papirformat, og som dagleg oppdatert nettavis. Firdaposten produserer «Tempopodden» som er ein podkast med skråblikk på lokalsamfunnet med utgangspunkt i lokalfotballen. Avisa vert redigert på nynorsk og var tidlegare partiorgan for Arbeidarpartiet. Firdaposten har frå 1996 Amedia som eigar. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Firdaposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- AS FIRDAPOSTEN
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Florø
- Stifta
- 1948
- Dagleg leiar
- Svend Arne Vee
- Styreleiar
- Svein Atle Huus

Digitalt
Firdaposten byrja med nettavis i 2000, og har sidan 2015 hatt betalingsmur for ikkje-abonnentar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett var 11 189 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
I 1938 fekk Arbeidarpartiet kontrollen over ei avis i Fjordane under namnet Gjallarhorn, som hadde kome ut i Førde sidan 1936. Krigen sette ein stoppar for avisføretaket 24. april 1940. Firdaposten skulle ta opp arven etter Gjallarhorn, men med ny utgjevarstad i Florø.
Firdaposten blei skipa på eit møte i Florø 6. oktober 1948. Ambisjonen var å bli organ for Det norske Arbeidarparti i Fjordane og få 2000 abonnentar i løpet av eitt år. Høgreavisa i byen kom i gang igjen eit par veker etter, og i tillegg måtte Firdaposten konkurrere med venstreavisa Firda Folkeblad. Fyrste nummer av Firdaposten kom 14. desember 1948 med Guttorm Hansen, seinare stortingspresident, som redaktør. Dei fyrste åra fekk lesarane fire sider to gonger i veka.
Trykkeri

Økonomien var skral, og trykkinga av avisa blei eit problem av di dette ikkje var muleg i sjølve Florø. Det blei inngått prenteavtale med Øens Prenteverk i Førde. Dette skapte praktiske problem, då avisa måtte trykkast om føremiddagen og sendast med buss til Florø om kvelden. I 1955 blei trykkinga av avisa flytta til R. Angell-Jacobsens prenteverk i Florø. Sjølv om prenteverket var gamalt, blei dette rekna som eit stort framsteg. 1. januar 1965 blei trykkinga atter flytta, denne gongen til Bergens Arbeiderblad.
Utover på 1970-talet steig misnøya over trykkinga i Bergen. Redaktør Odd Brandsøy freista fleire gonger å få Norsk Arbeiderpresse A/S med på finansiering av eit trykkeri i Florø. Draumen om eige offsettrykkeri blei endeleg verkeleggjort 18. september 1976, og samstundes kom overgangen til tabloidformat.
Veksttid
Brandsøy vidareutvikla avisa og utvida staben monaleg i si lange redaktørtid fram til 1986. Midt på 1950-talet auka avisa talet på utgåver i veka frå to til tre, og passerte Firda Folkeblad i opplagstal tidleg på 1970-talet.
Frå 1992 har Firdaposten rådd grunnen aleine som lokalavis i Florø. Frå 1990 til 1996, i brytningstida då partisynspunkta blei tona noko ned til fordel for ønsket om å femne heile byen med omland, var det Erik Stephansen som var redaktør i avisa.
Aukande opplag førte til overmot, og Firdaposten freista å erobre nytt land lenger inne i fjorden ved å utfordre avisa Firda i Førde. I desember 1994 auka avisa frå fire til fem utgåver for veka, og vidare til seks utgåver i 1995. Dette blei igjen redusert til fire i 1996 i samband med at A-pressa kjøpte Firda, og konkurrentane fekk same eigar. Seinare er utgåvefrekvensen på papir redusert til to dagar i veka og frå 2023 til ein dag.
Opplag
Opplagstal for Firdaposten, 1986-2023
1986 | 5998 |
---|---|
1988 | 6457 |
1990 | 6523 |
1991 | 6566 |
1992 | 6588 |
1993 | 6736 |
1994 | 6644 |
1995 | 6050 |
1996 | 5830 |
1997 | 5870 |
1998 | 5965 |
1999 | 5787 |
2000 | 5702 |
2001 | 5678 |
2002 | 5637 |
2003 | 5648 |
2004 | 5630 |
2005 | 5621 |
2006 | 5650 |
2007 | 5511 |
2008 | 5484 |
2009 | 5457 |
2010 | 5327 |
2011 | 5214 |
2012 | 5114 |
2013 | 4977 |
2014 | 4871 |
2015 | 4657 |
2016 | 4707 |
2017 | 4749 |
2018 | 4998 |
2019 | 5032 |
2020 | 5159 |
2021 | 4912 |
2022 | 4837 |
2023 | 4832 |
År | Opplag |
---|---|
1952 | 1800 |
1960 | 3301 |
1969 | 3233 |
1983 | 5850 |
1993 | 6736 |
2008 | 5484 |
2019 | 5032 |
2020 | 5159 |
2021 | 4912 |
2022 | 4837 |
2023 | 4832 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement for andre halvår nytta, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nummer 14. desember 1948
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.