Feiringklinikken
Feiringklinikken.
Feiringklinikken
Av .
Lisens: fri

Feiringklinikken var eit privat sjukehus for hjartepasientar i Kjerkebygda i Feiring i Eidsvoll. Sjukehuset var eigd og drifta av LHL, tidlegare kjent som Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, og var eit landsdekkjande spesialsjukehus og kompetansesenter for behandling og rehabilitering av hjartesjukdomar.

Klinikkverksemda er frå 2018 flytta til LHL-sjukehuset Gardermoen.

Historikk

Feiringklinikken vart etablert i 1989, fem år etter at LHL oppretta eit kurs- og konferansesenter på området i 1984. Klinikken dreiv utgreiing av sjukdomar i koronararterier i hjartet, og tilbaud frå 2001 treningsopphald for hjarterehabilitering med undervisning i korleis pasienten kan meistre hjartesjukdom, kosthald og trening. Frå 2003 kunne pasientar ved Feiringklinikken få refusjon for treningsopphaldet frå det offentlege.

I 2018 vart klinikken lagd ned, og Feiringklinikkens og Glittreklinikkens tidlegare verksemd vart frå dette året flytta til LHL-sjukehuset Gardermoen, eit sjukehus lokalisert på Jessheim. Frå 2020 blir bygningsmassen på den tidlegare klinikken brukt av Feiring vidaregåande skule.

Kart

Feiringklinikken
Feiringklinikken
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg