Faktaboks

Eyjafjörður
Uttale
ˈeija-
Eyjafjörður
Utsikt mot Eyjafjörður og Akureyri.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Eyjafjörður er ein fjord på Nord-Island, meir enn 70 kilometer lang og 15 kilometer på det breiaste. Eyjafjörður er omgitt av fjell meir enn 1500 meter over havet. Det høgaste er Kerling, 1538 meter over havet. I fjorden ligg de naturskjønne øyene Hrisey og Grimsey.

Innst i Eyjafjörður ligg byen Akureyri. Det er rikt fiske i fjorden, og i Akureyri ligg store fiskeforedlingsverksemder. Dalføret innanfor har nokre av landets rikaste bygder med stor mjølkeproduksjon. Dalen når opp til høgfjellsplatået nord for Hofsjökull.

Tre kilometer sør for Akureyri ligg Kristnes, der landnåmsmannen Helge den magre Eyvindsson var den første som bygde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg