Faktaboks

Eskifjörður
Innbyggjartal
1089 (2024)
Eskifjörður
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Eskifjörður er ein tettstad i det austlege Island, på nordsida av den 35 kilometer lange Reyðarfjörður, i Fjarðabyggð kommune.

Eskifjörður er eit fiskevær med fiskeriindustri og turisme. Det har vore ein handelsstad sidan 1789. Fjella Eskja og Hólmatindur sett sitt tydelege preg på landskapet, der Hólmatindur er det høgaste, 985 meter over havet.

Eskifjörður har eit maritimt museum. I omlandet finst nokre av verdas største brot for dobbeltspat eller islandsk spat.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg