Faktaboks

Eldgjá
Uttale

eldgjao

Etymologi

'Eldkløft'

Land

Island

Region
Suðurland
Kommune
Skaftárhreppur
Eldgjá
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Eldgjá er ei kraterrenne på det sørlege Island, nordaust for Mýrdalsjökull. Kløfta er er ein vakker og storslått turistattraksjon. På det meste er ho 270 meter djup, 600 meter brei og 5 kilometer lang. Bergveggene er meir eller mindre 200 meter høye heile vegen, og omtrent midt i Eldgjá finst eit av Islands mest imponerande fossefall, Ófærufoss.

Eldgjá oppstod ved fleire utbrot like før landnåmstida 870–930, hadde sitt siste utbrot i 934 og blei oppdaga i 1803 av Þorvaldur Thoroddsen. Ein meiner at formasjonane høyrer til det same kratersystemet som Katla.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg