Eirik er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ei-ríkr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.
Eirik (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Eirik
Eit utval personar med namnet Eirik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Eirik Blodøks (895)
- Eirik Raude (940)
- Eirik jarl (964)
- Eirik Ivarsson (1130)
- Eirik Magnusson (1268)
- Eirik Kvalfoss (1959)
- Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (1959)
- Eirik Newth (1964)
- Eirik Stubø (1965)
- Eirik Kristoffersen (1969)
- Eirik Lae Solberg (1971)
- Eirik Bakke (1977)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
I motsetning til dei fleste nordiske tostava namna med utlyd på konsonant hadde Eirik toppfasen sin på eit forholdsvis seint tidspunkt, 1980–1994. Dette gjeld også Audun, Bjørnar, Joar, Espen og Stian. Eirik Kvalfoss, fødd 1959, var den leiande skiskyttaren i Noreg i 1980-åra, og det er mogleg at han har medverka til populariteten for namnet i toppfasen 1980–94. Sidan år 1900 har Erik vore brukt nesten dobbelt så mykje som Eirik.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Eirik var klart mest brukt i Hordaland. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik i staden for talemålsforma Eirik.
Eirik var klart mest brukt i Hordaland. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik i staden for talemålsforma Eirik.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Elmevik, Lennart 1982: Fisl. einherjar ‘krigare i Valhall’ och några andra fornord. sammansättningar med ein-. [Saga och Sed].[/li][li]
- Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.