Ditlef er eit tysk mannsnamn som går tilbake til ei eldre form Diet-leib der forleddet tyder ‘folk’ og etterleddet ‘arving’.
Ditlef (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Ditlef
Eit utval personar med namnet Ditlef, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Bernhard Ditlef von Staffeldt (1753–1818)
- Ditlef Gothard Monrad (1811–1887)
- Ditlef Martens (1837–1920)
- Adolf Ditlef Jørgensen (1840–1897)
- Ditlef Eckhoff (1942)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Ditlef som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Ditlef i perioden 1900–2017, var det 63 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Ditlef. Dette inneber at 37 prosent hadde Ditlef som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Ditlef var klart mest brukt i Bergen.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Ditlef på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Ditlef var klart mest brukt i Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ditleff.)
Historisk bruk av namnet Ditlef
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.