Dalvík er ein by på Nord-Island. Byen ligg ved munningen av Svarfaðardalur i Eyjafjörður, 45 kilometer nordvest for Akureyri. Dalvík er sentrum i Dalvíkurbyggð kommune.
I næringslivet er fiskeria og fiskeforedlinga viktigast. I byrjinga av august blir det kvart år halde ein fiskefestival der målet er å la så mange menneske som råd smake på fisk og oppleve byen Dalvík. Festivalen er populær og trekker rundt 25 000 menneske.
Dalvík er vennskapsby med Hamar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.