Dag Inge Ulstein er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF) som frå 2025 er partileiar (fungerande partileiar frå 2024). Han har tidlegare vore utviklingsminister og fungerande utanriksminister i regjeringa Solberg. Han er stortingsrepresentant for KrF frå Hordaland 2021–2025 og parlamentarisk leiar frå 2024.
Dag Inge Ulstein
Faktaboks
- Fødd
- 4. desember 1980, Sula, Møre og Romsdal

Bakgrunn
Dag Inge Ulstein er fødd i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1996–1999, er utdanna familieterapeut og har bachelorgrad i teologi ved Norsk Lærerakademi og Fjellhaug Internasjonale Høgskole i 2001–2004 og bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen i 2009–2011.
Ulstein arbeidde som ungdomsleiar i Salem misjonsforsamling i 2003–2007, var dagleg leiar og prosjektleiar for Turneren Næring A/S (Salem konferansesenter) i 2007–2009 og var mellom anna leiar og utvikslingssjef ved Haraldsplass Samtalesenter og Diakonale Stiftelse i fleire periodar mellom 2009 og 2014.
Politisk karriere

Ulstein begynte den politiske karriera sin som medlem av kommunestyret for Kristeleg Folkeparti i Bergen 2009–2019. Han var styremedlem i Bergenshus KrF i 2010–2011 og blei leiar for KrFs velferdspolitiske utval i 2014. Han var politisk rådgivar for byråd Filip Rygg i Bergen i 2011–2012, og han var sjølv byråd i Bergen kommune for sosial, bustad og områdesatsing i 2013–2014 i det Høgre-leia byrådet, og igjen byråd for finans, innovasjon og eigedom 2015–2018 i det raud-grønne byrådet. Etter stortingsvalet i 2017 vart Ulstein vararepresentant på Stortinget for KrF frå Hordaland.
Då KrF hausten 2018 skulle bestemme seg for politisk vegval, var Ulstein på den «raude» sida, saman med partileiar Knut Arild Hareide. Han meinte mellom anna at KrF kunne få til meir saman med sentrumspartia og venstresida når det gjaldt klimautfordringane, og han har vore klar på at KrF ikkje burde gå i regjering med Framstegspartiet (Frp). Det kom derfor som ei overrasking då han blei utnemnd til utviklingsminister i 2019. Han var utviklingsminister i Utanriksdepartementet fram til til regjeringsskiftet i 2021. I 2021 blei han vald som stortingsrepresentant frå Hordaland, og han vart medlem av utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.
Ulstein vart vald til første nestleiar i partiet i 2021. Då Olaug Bollestad trekte seg som partileiar 2024 vart Ulstein fungerande partileiar; han vart vald som partileiar på eit ekstraordinært landsmøte 2025. Han fråsa seg attval til Stortinget 2025.
Andre verv
Ulstein var medlem av representantskapet for Stiftelsen Bergen Diakonissehjem, styremedlem i Salem misjonsforsamling i Bergen i 2013 og styremedlem i Stiftelsen Bergen Guttehjem frå 2014.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.