Cixi kom i 1851 inn i keisarpalasset som konkubine av låg rang. Ho fødde ein son i 1856, som vart keisar då Xianfeng døydde i 1861, under regjeringsdevisa Tongzhi. Dermed fekk ho status som enkjekeisarinne, sjølv om ho aldri hadde vore keisarinne. Gjennom politisk list overtok ho så kontroll over regentskapet som hadde vore oppretta for den mindreårige keisaren.
Då Tongzhi-keisaren vart myndig og overtok styret i 1873, heldt ho fram med å øve kontroll til han døydde to år seinare. Då vart ho igjen regent, denne gong for systersonen, som regjeringsdevisa Guangxu, som Cixi hadde utpeikt til tronarving. Då Guangxu-keisaren tok over tyglane i 1889, trekte Cixi seg offisielt tilbake til sumarpalasset utanfor Beijing, som ho utsmykka for midlar budsjettert til å skaffe landet ein marine.
Ein fleirårig konflikt med Guangxu-keisaren grunna den reformvennlege politikken hans, enda med at Cixi gjorde eit kupp i 1898 og overtok den øvste makta på ny.
Under boksaropprøret lét ho boksarane få frie tyglar, men fekk i oppgjeret velta skulda over på keisaren og reformvennene. Cixi tok tilflukt i Xi'an under opprøret, men vende tilbake til Beijing i 1902. Ho byrja då endeleg ein reformpolitikk, under vaksande press frå både stormaktene og heimlege intellektuelle.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.