Bluestockings Society var eit intellektuelt salongmiljø i England, som oppstod på midten av 1700-talet. Dette var ei gruppe som hovudsakeleg bestod av kvinner som samla seg for å delta i litterære og filosofiske diskusjonar. Føremålet var å fremje skriving og utdanning blant kvinner. Den fyrste generasjonen av The Bluestockings Society vart leia av Elizabeth Montagu (1718-1800), seinare også kjend under kallenamnet «Queen of the Blues».
Faktaboks
- Etymologi
-
engelsk 'blåstrømpe-samfunnet'
- Også kjend som
-
Blue Stockings Society; Blue Stocking Club; Bluestocking Circle
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.