Bertil er eit mannsnamn som er mykje brukt i Sverige. Det kan vere kjæleform av det tyske Bert-hold der forleddet tyder ‘lysande’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet -hold går tilbake til eit eldre -wald.
Bertil (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Bertil
Eit utval personar med namnet Bertil, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Bertil Damm (1887–1942)
- Bertil Lybeck (1887–1945)
- Bertil Malmberg (forfatter) (1889–1958)
- Bertil Ohlin (1899–1979)
- Bertil Almqvist (1902–1972)
- Bertil Schütt (1909–1983)
- Bertil Gustav Oscar Carl Eugen (1912–1997)
- Bertil Almgren (1918–2011)
- Sven-Bertil Taube (1934–2022)
- Bertil Vallien (1938)
Namnestatistikk
I 2022 var det 248 menn i Noreg som hadde Bertil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Utvikling i bruk av namnet Bertil frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Bertil var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Bertil på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Bertil var klart mest brukt i Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Berthil.)
Historisk bruk av namnet Bertil
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.