Axel er eit mannsnamn. Det er ein variant av Aksel som er ei dansk omforming av det bibelske Absalon med tydinga ‘fredens far’. Stavemåten Axel er nesten einerådande i Sverige (sjå også den allmenne ortografiske regelen i svensk med [x] i staden for [ks], til dømes [lax] mot norsk [laks]). Dei få som skriv namnet sitt Aksel i Sverige, har oftast norsk eller dansk bakgrunn.

Namnet har fleire variantar: Aksel, Axel.

Personar med namnet Axel

Kulturell bruk

Axel og Valborg er eit kjærastepar i ei dansk folkevise. Skodespelet «Axel og Valborg» (1810) av Adam Oehlenschläger gjorde Axel populært i Danmark.

Eit utval personar med namnet Axel, og som er omtalt i Store norske leksikon

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 074 menn i Noreg som hadde Axel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 57 gutar som fekk namnet Axel.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Aksel og Axel slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Aksel og Axel er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen. Det var nordisk nasjonalromantisk dikting som gjorde namnet kjent, til dømes gjennom verk av Adam Oehlenschläger. Axel og Aksel fekk eit tidlegare oppsving (1840-åra) enn dei fleste andre namna som høyrer til namnerenessansen.

Utvikling i bruk av namnet Axel frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Axel frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2018: «[Axel] i Sverige – [Axel/Aksel] i Noreg. Om bruken av [x] og [ks] i svensk og norsk». I: Leila Mattfolk & Kristina Neumüller (red.): Katharina och namnen: Vänskrift till Katharina Leibring på 60-årsdagen den 20 januari 2018. Uppsala.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg