Astrid Versto er ein norsk diplomat og tidlegare journalist og kommunikasjonsarbeidar. Ho har mellom anna arbeidd som Noregs ambassadør i Zagreb og kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet og ved Det kongelege slott.
Astrid Versto
Faktaboks
- Fødd
- 3. august 1953, Vinje i Telemark

Bakgrunn
Astrid Versto er fødd i Vinje kommune i Telemark. Ho tok vidaregåande skule i 1969–1972 og studerte ved Telemark lærerhøgskole i Notodden (no Universitetet i Søraust-Noreg) og Norsk Journalisthøgskole i Oslo (no OsloMet).
Karriere
Versto arbeidde som lærar ved Åmot skule i Vinje før ho begynte som journalist i NRK i 1985. Først var ho radiojournalist i NRK Dagsnytt, i 1991–1995 journalist i NRK Fjernsynet og frå 1995 nyhendeanker i Dagsrevyen og leiar av politisk avdeling. Versto arbeidde i NRK fram til 2000, då ho gjekk til Norad og seinare gjorde karriere i utanrikstenesta.
- Kommunikasjonsdirektør i Norad 2000–2004
- Personal- og administrasjonsdirektør 2004–2005
- Kommunikasjonssjef ved Det kongelege slott 2005–2008
- Ministerråd ved ambassaden i Wien 2008–2012
- Kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet 2012–2015
- Ambassadør i Zagreb 2015–2019
Språk- og kulturarbeid
I 1988 stod Roger Lockertsen og Astrid Versto bak videoen og opplegget til Noregs Mållag sin haldningskampanje «Nynorsk is a better language». I 1997 gav ho ut boka Hardingfela. Det norske nasjonalinstrumentet, saman med Halvard Kaasa.
Versto var medlem av styret i Noregs Mållag i fleire periodar og nestleiar i 1987–1988. Ho var òg nestleiar i styret for Det Norske Teatret i 2004–2007.
Utmerkingar
Versto fekk Kringkastingsprisen i 1996 for bruken sin av nynorsk i NRK.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.