Alfred er eit toledda engelsk mannsnamn: Alf-red. Forleddet tyder ‘alv’ og etterleddet ‘råd’.
Alfred (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Alfred
Eit utval personar med namnet Alfred, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Alfred den store (848–899)
- Alfred Russel Wallace (1823–1913)
- Alfred Nobel (1833–1896)
- Alfred Marshall (1842–1924)
- Alfred Dreyfus (1859–1935)
- Alfred Adler (1870–1937)
- Alfred Wegener (1880–1930)
- Alfred Rosenberg (1893–1946)
- Karl Marthinsen (1896–1945)
- Alfred Maurstad (1896–1967)
- Alfred Fidjestøl (1973)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 945 menn i Noreg som hadde Alfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 203 gutar som fekk namnet Alfred, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Alfred er blant dei engelske namna som har hatt to toppfasar. Den fyrste kom rundt år 1900 – og den siste etter 2010. Dette gjeld også Arthur, Edgar, Edmund, Edvard, Edvin og Henry.
Utvikling i bruk av namnet Alfred frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Alfred var mest brukt i Bergen.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Alfred på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Alfred var mest brukt i Bergen.
Historisk bruk av namnet Alfred
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.