Aldous Huxley var ein britisk forfattar som særleg er kjend for den dystopiske og satiriske romanen Vidunderlige nye verden (1932, originaltittel: Brave New World). Han var også ein markert essayist og samfunnsdebattant.
Aldous Huxley
Faktaboks
Aldous Leonard Huxley
- Uttale
-
hʌksli
- Fødd
- 26. juli 1894, Godalming, Surrey, England
- Død
- 22. november 1963, Los Angeles, California, USA

Biografisk bakgrunn
Aldous Huxley vart fødd i Surrey i England. Han var soneson av Thomas Henry Huxley, bror av Julian Huxley og halvbror av Andrew Huxley.
Aldous Huxley gjekk på kostskulen Eton og studerte ved Balliol College, Oxford. Han blei tidleg delvis blind på eine auget og fekk av den grunn ikkje gjere teneste som soldat i første verdskrigen. Sjokket over brutaliteten i «The Great War» gjorde like fullt sterkt inntrykk på han og kom til å prege mykje av det han seinare skreiv.
Huxley debuterte i 1916 med diktsamlinga The Burning Wheel. Denne boka blei etterfølgd av fleire diktsamlingar, og i 1916–1921 skreiv han også for tidsskriftet Athenaeum. Deretter var han fulltids forfattar og var lange periodar i Italia før han på slutten av 1930-talet flytte til Los Angeles i California, der han budde resten a livet.
Tidlege romanar

Huxley debuterte som romanforfattar med Crome Yellow (1921). Romanen er ein sosial satire om det turbulente forholdet mellom poeten Denis Stone og Anne Wimbush. Huxleys framstilling av personane er utleverande, underhaldande og prega av forfattarens vidd og humor. Samtidig har satiren ein alvorleg grunntone; portrettet av romanpersonen Bodiham viser for eksempel Huxleys avsky for første verdskrigen.
Antic Hay (1923) vidarefører satiren over intellektuelle i London etter krigen. Den vittige framstillinga av personane, som snakkar om kvart sitt tema utan eigentleg å kommunisere med kvarandre, markerer Huxleys satire over dei rastlause liva deira. Samtidig viser satiren forfattarens desillusjonerte, nærast nihilistiske menneskesyn.
Huxleys to neste romanar er begge omsette til norsk. I Kjærlighet mellom paralleller (1925) er landstaden der personane møter kvarandre og snakkar intenst til, snarare enn med, kvarandre flytt frå England til Italia. Den sosiale satiren er påfallande både i denne romanen og i den neste. Kontrapunkt (1928) er likevel ikkje så gjennomgripande satirisk, men framstår snarare som ein idéroman påverka av romanforfattaren D. H. Lawrence. Fire år seinare publiserte han romanen Vidunderlige nye verden (originaltittel: Brave New World).
- Les meir om Vidunderlige nye verden.
Romanar etter Vidunderlige nye verden

Aldous Huxley.
Vidunderlige nye verden (1932) var både eit høgdepunkt og eit vendepunkt i Huxleys forfattarskap.
Blinde slaver (1936) vidarefører kritikken av det moderne samfunnet. Denne romanen, som har sjølvbiografiske trekk, framstiller ustabile forhold mellom studentar i Oxford. Hovudpersonen, Anthony Beavis, reiser frå Oxford til Mexico for å delta i ein revolusjon. Men her blir han påverka av meditasjon, mystisisme og buddhistisk filosofi. Ei slik orientering er tydeleg i den seinare delen av Huxleys forfattarskap. Det etiske alvoret i samfunnskritikken hans blir kopla saman med element av mystisime, parapsykologi og buddhisme.
Denne dreiinga er ikkje like tydeleg i alle dei seinare romanane. Apen og sjelen (1948) stadfester og utvidar Huxleys satiriske framtidsskildring, denne gongen av verda etter ein atomkrig. Djevlene fra Londroun (1952) er ein psykologisk studie av ei historisk hending då ei gruppe franske nonner blei skulda for å ha demonar i seg. Erkjennelsens porter (1954) er ei bok om Huxleys eksperiment og erfaringar med meskalinrus. Den siste romanen hans, Island (1962), er ein utopisk visjon av eit samfunn på ei øy i Stillehavet. Denne visjonen, som er intertekstuelt knytt til R. M. Ballantynes Koralløya (1857) og William Goldings Fluenes herre (1954), er mindre overtydande enn Huxleys dystopiske satire.
Reiseskildringar og filmmanus
Huxley var ein eksepsjonelt produktiv forfattar som i tillegg til dikt og romanar skreiv skodespel, noveller, reiseskildringar og filmmanus. Den mest kjende reiseskildringa hans, Bakom golfen (1934), fortel om ei reise han gjorde til Mellom-Amerika saman med kona si i 1933. Fleire av historiene i denne boka blei seinare fiksjonaliserte i Blinde slaver (1936); det er ein nær samanheng mellom sakprosa og fiksjon i Huxleys forfattarskap. Eit sentralt tema i Bakom golfen er kritikken av totalitarisme og fascisme, særleg Hitlers maktovertaking i Tysland. Huxley innsåg tidleg faren som nazismen utgjorde for europeisk sivilisasjon.
Medan han var i California, skreiv Huxley filmmanus for fleire kjende Hollywood-filmar, inkludert Jane Austens roman Pride and Prejudice med Geer Garson og Laurence Olivier i hovudrollene. Engasjementa i Hollywood ga han store inntekter.
Essay
I ei lang rekke essay skreiv Huxley skarpt, kritisk og ofte provoserande om aktuelle og kontroversielle samfunnsspørsmål. Humanismen og pasifismen som er eit viktig aspekt ved dei litterære tekstane, blir gjerne meir eksplisitt uttrykt i essaya.
Blant Huxleys mest kjende essaysamlingar er Det vulgære i litteraturen (1930), What are you going to do about it? The case for reconstructive peace (1936), The Double Crisis (1949), Collected Essays (1958) og Brave New World Revisited (1958), som han skreiv nesten 30 år etter Vidunderlige nye verden. Her diskuterer han om verda har nærma seg eller fjerna seg frå den dystopiske visjonen i romanen frå 1932.
Huxley var samfunnsengasjert til det siste. Kort tid før han døydde, skreiv han eit essay for Encyclopædia Britannica om utforsking av verdsrommet og kva konsekvensar det kan få.
Påverknad og aktualitet
Sjølv om Huxley hadde ein enorm produksjon, er påverknaden og aktualiteten hans uløyseleg knytt til Vidunderlige nye verden. Dette hovudverket frå 1932 har særleg påverka og inspirert science fiction, inkludert film. To eksempel er bøkene til den britiske forfattaren J. G. Ballard og Ridley Scotts film Blade Runner (1982), som er ein adaptasjon av Philip K. Dicks roman Do Androids Dream of Electric Sheep? (1968).
I tillegg har Vidunderlige nye verden inspirert og påverka både romanen og andre litterære sjangrar, både i Storbritannia og internasjonalt. Ikkje berre George Orwells Nittenåttifire (1949), men også mange seinare litterære tekstar er inspirerte av Huxley. Påverknaden hans var ikkje avgrensa til forfattarar, men gjaldt også andre kunstnarar. Den russiske komponisten Igor Stravinskij dediserte det siste orkesterverket sitt til Huxley. Det amerikanske rockebandet The Doors tok namnet sitt etter Huxleys The Doors of Perception.
Huxleys aktualitet er blitt forsterka av den rivande utviklinga innanfor genteknologi. Han stiller spørsmål om faren for, og konsekvensane av, inndeling av menneske frå eit tidleg stadium, og han knyter desse spørsmåla til udemokratisk politisk styre i mange samfunn. Slike kritiske spørsmål stiller Huxley både i fiksjonen han skreiv og i dei mange essaya og essaysamlingane han publiserte.
Bøker på norsk
- Those Barren Leaves (1925). Kjærlighet mellom paralleller. Omsett av Ebba Sparre Nilson. Oslo: Aschehoug, 1934.
- Point Counter Point (1928). Kontrapunkt. Omsett av Ebba Sparre Nilson. Oslo: Aschehoug, 1932.
- Vulgarity in Literature (1930). Det vulgære i litteraturen. Omsett av Ellisiv Steen. Oslo: Cappelen, 1957.
- Brave New World (1932). Vidunderlige nye verden. Omsett av Georg Brochmann. Oslo Aschehoug, 1948. Også utgitt som Fontenebok 1963 o.s. Også omsett av Bjørn Alex Herrman med tittelen Fagre nye verden. Oslo: Aschehoug, 2017.
- Beyond the Mexique Bay (1934). Bakom Golfen. Gamle verdener og nye. Omsett av Ebba Sparre Nilson. Oslo: Aschehoug, 1935.
- Eyeless in Gaza (1936). Blinde slaver. Omsett av Eli Krog. Oslo: Aschehoug, 1957.
- Time must have a Stop (1944). Tiden tar en gang slutt. Omsett av Peter Magnus. Oslo: Aschehoug, 1946.
- Ape and Essence (1948). Apen og sjelen. Omsett av Anders Hagerup. Oslo: Aschehoug, 1954. Utgitt som Fontenebok 1976.
- The Devils of London (1952). Djevlene fra London. Omsett av Lise Houm. Oslo: Aschehoug, 1953.
- The Doors of Perception (1954). Erkjennelsens porter. Omsett av Niels Chr. Brøgger. Oslo: Cappelen, 1955. Oslo: Arneberg, 2019.
- The Genius and the Goddess (1955). Geniet og gudinnen. Omsett av Lise Houm. Oslo: Aschehoug, 1956.
- Brave New World Revisited (1958). Gjensyn med vidunderlige nye verden. Omsett av Lise Houm. Oslo: Aschehoug, 1959.
- Literature and Science (1963). Litteratur og vitenskap. Omsett av Brikt Jensen. Oslo: Cappelen, 1965.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Bowering, Peter. 2013. Aldous Huxley: A Study of the Major Novels. London: Bloomsbury.
- Bradshaw, David (red. 1994). The Hidden Huxley: Contempt and Compassion for the Masses 1920 – 36. London: Faber & Faber.
- Bradshaw, David. 2012. "Modern Life: Fiction and Satire". I Laura Marcus og Peter Nicholls (red.), Twentieth-Century English Literature, s. 218-236. Cambridge: Cambridge University Press.
- Firshaw, Peter. 1984. The End of Utopia: A Study of Aldous Huxley's "Brave New World". Lewisburg, PA: Bucknell University Press.
- Murray, Nicholas. 2003. Aldous Huxley: A Biography. New York: St. Martin's Press.
- Poller, Jake. 2021. Aldous Huxley: Critical Lives. Chicago: Reaktion Books.
- Sawyer, Dana. 2002. Aldous Huxley: A Biography. New York: The Crossroad Publishing Company.
Kommentarar (2)
skreiv Trond Olav Svendsen
svarte Ida Scott
Takk for kommentar. Lenker er nå lagt inn. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.