Akranes er ein by på Island, nord for Reykjavík, ved bukta Faxaflói. Byen er eit viktig regionalt handels-, administrasjons- og skolesenter. Her ligg også ei viktig fiskerihamn med stor fisketilverking, dessutan sementfabrikk, skipsverft og ferrolegeringsverk. Tunnelen under Hvalfjörður blei opna i 1998 og korta avstanden til Reykjavík med 60 kilometer.
Byens historie går heilt attende til landnåmstida da keltarar busette seg her rundt år 880, mens fisket først tok til på midten av 1600-talet.
Akranes er også namnet på halvøya mellom Hvalfjörður og Leirárvogar som byen ligg på, med det 643 meter høge Akrafjall.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.