Versj. 19
Denne versjonen ble publisert av Ove Olsen Sæle 6. mars 2025. Artikkelen endret 933 tegn fra forrige versjon.

Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo er eit idrettslag frå Oslo som vart stifta i 1913. Det driv med friidrett og ski (langrenn), tidlegare òg kvinnefotball, orientering og andre skigreiner.

Laget er ein del av Bondeungdomslaget i Oslo, eit lokallag av Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Bondeungdomslaget har utspringet sitt i Bøndenes Hus i Oslo sentrum, som vart bygd i samband med stiftinga. Her ligg sentraladministrasjonen og i huset finn me også Hotell Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husfliden og Solhjell, alle eid og drivne av BUL. Her finst det også ein teatersal. BUL er ved sida av idrett og teater, kjent for kulturaktivitetar som folkedans, korsong og målarbeid.

Etableringa av BUL må sjåast i lys av samfunnsutviklinga. Utover på 1800-talet fekk me ei sterk urbanisering i Noreg, der stadig fleire ungdommar flytta inn til byane for å jobba. Mange av desse ungdommane kom frå bondelandet. Dei snakka ein annan dialekt eller målform og var vakse opp med tradisjonelle kulturaktivitetar som braut med det urbane bylivet. Bonde-ungdommen trong ein felles organisasjon som dei kunne identifisera seg med og som fremja målforma og bygd-tradisjonane deira.

Det er likevel idrett som BUL er mest kjend for. I friidrett har BUL vunne eliteklassen i Holmenkollstafetten 24 gonger for menn og 6 gonger for kvinner. I langrenn har BUL vunne 9 stafett-NM for menn og 3 for kvinner, og i orientering 6 stafett-NM både for menn og kvinner.

BUL var ein av dei aller største pionerane innan kvinnefotball i Noreg. Dei spelte den aller første kampen mellom to norske kvinnelag, mot Amazon Grimstad i juli 1970.

Mellom 1971 og 1977 vart det arrangert uoffisielle cupmeisterskapar for kvinner, og BUL vann fire av dei (1973–1976). BUL sin kaptein i denne perioden, Målfrid Kuvås, har ofte vorte kalla «mora til kvinnefotballen». Kuvås vart tildelt NFFs gullmerke i 2002.

IL i BUL vann òg det første offisielle NM for kvinner i 1978, då dei slo Trondheims/Ørn etter straffekonkurranse. Mellom 1978 og og 1983 var BUL det beste norske kvinnelaget, og vann fem av seks NM i perioden.

BUL var den fyrste klubben i Noregs idrettsforbund som tok opp idrett for psykisk utviklingshemma.

BUL, Tjalve og Vidar danna i 1965 Bislett Alliansen, sjå Bislett stadion.