Tilbake til artikkelen

Tilbake til historikken

administrasjonsspråk – i Noreg

Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 21. februar 2025. Artikkelen endret 26 tegn fra forrige versjon.

Administrasjonsspråk er det skriftspråket ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Administrasjonsspråk er ikkje det same som «tenestemål», som er knytt til statsorgan.

Bruken av bokmål og nynorsk i administrasjonen til ein kommune eller fylkeskommune er ikkje regulert ved lov eller forskrift. Administrasjonsspråket vert fastsett ved vedtak i kommunen eller fylkeskommunen. Det kan òg gjerast nærmare vedtak om korleis administrasjonsspråket skal praktiserast.

Etter språklova § 11 kan kommunar og fylkeskommunar gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå statsorgan. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsspråket og den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje etter § 11 i språklova.

I og med at vedtak om kommunalt administrasjonsmål ikkje er vedtak etter språklova, gjeld ikkje klagereglane i språklova. Klager over språkbruk i kommunar og fylkeskommunar må rettast til kommunen eller fylkeskommunen.

Nemninga «administrasjonsspråk» vert stundom forveksla med «tenestemål». «Tenestemål» er ei nemning frå forskrift om målbruk i offentleg teneste og gjeld lokale og regionale statsorgan. Tenestemålet er skriftspråket til eit lokalt eller regionalt statsorgan og skal nyttast i rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell som desse statsorgana lagar.

Oslo er ein kommune der det ikkje er samsvar mellom tenestemål og administrasjonsspråk. Oslo er språkleg nøytral, og kan vere det etter språklova § 11, det vil seie at kommunen ikkje krev eit bestemt skriftspråk i skriv frå staten.

Men Oslo har bokmål som administrasjonsspråk. Det vedtok formannskapet 5. mai 1977 etter tilråding frå finansrådmannen og finansutvalet.

Vedtaket er seinare kommentert og presisert, mellom anna av kulturrådmannen og formannskapet i 1983: At bokmål skal vere administrasjonsspråk, gjeld skriftleg språkbruk. I munnleg framstilling står dei tilsette fritt. Tillitsfolk i kommunen kan sjølv velje både skriftleg og munnleg målform. Tenestepersonar har vidare ikkje plikt til å skrive nynorsk i svar på brev på nynorsk frå organisasjonar og einskildpersonar.

  • Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Oslo 1983
  • Kulturdepartementet: Målbruk i offentleg teneste. Reglar og råd. Oslo 1995
  • Kåre Lilleholt: «Målbruk i arbeidslivet. Om retten til å bruke dialekt og nynorsk», Mål og makt 1/1979
  • Kåre Lilleholt, Torunn Hovde Kaasa, Atle Faye, Mimi Berdal: Verkeområdet for mållova. Rapport frå arbeidsgruppe oppnemnd av Kulturdepartementet. Oslo 2000
  • Oslo kommune, Byrådet: Språktips – en veiledning i korrekt språk. Oslo 2007
  • St.meld. nr. 35 (2007–2008): Mål og meining