Eivald er eit nylaga mannsnamn (1846). Forleddet kan vere tatt frå til dømes Einar, mens -vald finst i mange namn, til dømes Ingvald.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Eivald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.