Versj. 11
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 18. september 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Ludvig, som er eit mannsnamn (jamfør tysk Ludwig), går tilbake til gammalhøgtysk Hlut-wig. Forleddet tyder ‘høglydt; berømt’ og etterleddet ‘kamp’.

Namnet har fleire variantar: Ludvig, Ludvik, Ludwig.

Namnedag er 25. august. Louise og Lovise har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Ludvig, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 2 967 menn i Noreg som hadde Ludvig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 224 gutar som fekk namnet Ludvig, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er Ludvig og Ludvik slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Ludvig og Ludvik gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Otto, Sivert og Wilhelm.

Ludvig var mest brukt i Østfold, Akershus, Kristiania og Vestfold (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ludwig.)

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Strid, Jan Paul 1989: Ludvig, Auðun och Oþbjorn. Om ett personnamnselement och den runsvenska utvecklingen av diftongen [au]. Studia anthroponymica Scandinavica 7.