Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 10. september 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Sigstein kan vere eit nylaga mannsnamn (1897) med Sig- frå til dømes Sigurd og -stein frå til dømes Torstein. Det kan også vere innlånt frå Sverige i forma Sixten som er eit eldre namn.

Namnet har fleire variantar: Sigstein, Sigsten, Sixten.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Sigstein Bekeng fødd 1897 i Kongsvinger. Far til Sigstein heitte Sigvard, og han kan ha fått namnet Sigstein ved oppkalling etter faren. Fødestaden Kongsvinger ligg nær Sverige, og det er også mogleg at det svenske Sixten, har verka inn på namnevalet.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Sigstein som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.