Haktor er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hagþorn. Namnet er laga til ordet hagþorn som tyder ‘hagtorn’. Haktor kan også vere ein variant av Havtor.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Haktor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Haktor var klart mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Hactor.)