Kittil er eit mannsnamn. Det er ein variant av Kjetil frå norrønt Ketilll som tyder ‘hjelm; offerkjele’.
Namnet har fleire variantar: Ketil, Kittel, Kittil, Kjetel, Kjetil, Kjetill.
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 260 menn (fødde i Noreg) som hadde Kittil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Kittil var – til liks med Kjetil – klart mest brukt i Telemark.