Stefan er eit mannsnamn som via latin Stephanus kjem av gresk Stephanos som tyder ‘krans, krone’.
Namnet har fleire variantar: Stefan, Steffan, Stephan.
Namnedag er 26. desember. Steffen har også namnedag denne dagen.
Kjende personar med namnet Stefan
Eit utval personar med namnet Stefan, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Stefan av Blois (1097)
- Stefan George (1868)
- Stefan Zweig (1881)
- Stefan Heym (1913)
- Stefan Sköld (1949)
- Stefán Snævarr (1953)
- Stefan Hopmann (1954)
- Stefan Löfven (1957)
- Stefan Larsson (1964)
- Stefan Edberg (1966)
- Stefan Heggelund (1984)
- Stefan Johansen (1991)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 253 menn i Noreg som hadde Stefan som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 gutar som fekk namnet Stefan.
Utvikling i bruk av namnet
Stefan er eit av dei få klassiske namna som var på topp litt etter midten av 1900-talet. Eit anna døme er Cato. Den innlånte forma Stefan har på nordisk grunn fått ei lydleg justering til Steffen som sidan år 1900 har vore tre gongar så mykje brukt som Stefan. Steffen var på topp 1990–1994.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.