Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Reinholt er eit mannsnamn. Det er ein variant av Reinhold som kjem av gammalhøgtysk Ragin-ald. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet -ald i gammalhøgtysk går tilbake til eit eldre -wald.

Namnet har fleire variantar: Reinhold, Reinholdt, Reinholt.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Reinholt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Reinholt i perioden 1900–2017, var det 85 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Reinholt. Dette inneber at 15 prosent hadde Reinholt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.