Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Sigvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Sig-valdr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Sevald, Sigval, Sigvald.

Namnedag er 19. august. Sigve har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Sigvald, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I 2022 var det 208 menn i Noreg som hadde Sigvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Sigvald.

Sigvald høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Sigvald, som var på topp i 1890-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.

Sigvald var mest brukt i Vest-Agder og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sigval.)